Påmeldingsskjema
Målgruppe:
Lærlingar og opplæringskandidatar som 2021 skal opp til fagprøve i Ikt-servicefaget. (Andre kan delta ved ledig plass).
Faglege leiarar og instruktørar i lærebedriftene som har ansvar for den interne opplæringa i faget
Formål:
Målet med samlinga er å informere om dei ulike sidene av fagprøva (planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering) for å redusere nervøsitet/stress under prøva og gje kandidaten eit godt grunnlag for å løyse oppgåva på best mogleg måte.
Samlinga vil også gje faglege leiarar og instruktørar ei innføring i innhaldet og vurderinga av prøva slik at ein kan styrke opplæringa og gi prøvekandidatane meir sjølvstendige og omfattande oppgåver siste delen av læretida.
Samlinga inkluderer lunch og er gratis for lærlingar, lærekandidatar og instruktørar tilknytta OKOS. (Sjå medlemsliste). For praksiskandidatar i desse bedriftene er kursavgifta kr. 400,-.
For andre er deltakaravgifta kr 500.- (inkl. lunsj).
Deltakaravgifta blir fakturert arbeidsgjevar, og avtale med arbeidsgjevar er derfor nødvendig. Deltakarar frå bedrifter som ikkje er tilknytta OKOS må oppgje korrekt fakturaadresse for at påmeldinga skal vere gyldig.
Arbeidsform: Forelesingsbolkar, casearbeid og diskusjon.
Stad: Førde Gjestehus og Camping, Kronborgvegen 44, Førde.
Tid: Tysdag 17. november kl. 1000 -1530 (ca)
Påmeldingsfrist 10. november!
Vi har avgrensa med plass, og forebeholder oss retten til å endre deltakarlista etter intern vurdering. Lærlingar/lærekandidatar og faglege leiarar tilknytta OKOS vil verte prioritert ved stor pågang.
PROGRAM
0950-1000 Frammøte, registrering, kaffi
1000-1045 Frå lærling/assistent til fagarbeidar
- kva skal ein legge vekt på mot slutten av læretida
- førebuing til fagprøva
- relevant regelverk
- oppmeldingsrutine og gangen i fagprøva
- klageadgang og anke på prøveresultat
Opplæringskontoret for offentleg sektor i Sogn og Fjordane
v/Aslaug Ljostveit
1200 – 1245 Lunsj
1100-1530 Fagprøven; evaluering av fagkompetansen
- prøvenemnda si oppgåve
- retningslinjene for den praktiske delen av prøva
- kommunikasjon og samarbeid under prøva
- utforming av prøver; -eksempel på oppgåvetekster
- lage skriftlege planer, utarbeiding av arbeidsplan/dokumentasjon
- eigenvurdering og refleksjon, rapportering (dokumentasjonsdelen)
- bruk av hjelpemidlar og støtte, kva er tillat?
- kva ser nemnda etter? (vurderingskriterier)
- prøvenemnda si avsluttande vurderingssamtale med kandidaten
- oppsummering, avslutning i gruppa
Prøvenemnda i Datalektronikar- og IKT-servicefaget
v/ Anders N. Soleim
ca. 1530 Slutt
Opplæringskontoret for offentleg sektor i Sogn og Fjordane SA
Concord – Firdav. 6, postboks 57, 6801 Førde
Telefon: 57 82 50 80, mobil: 90 61 79 79, www.okosweb.no, post@okosweb.no
Informasjon
Aktiviteten er slutt og du kan ikke melde deg på.